NM mangekamp 2017 på Arna idrettspark

IL Fri er av Norges Friidrettsforbund tildelt NM & UM i mangekamp på Arna idrettspark i 2017. Meisterskapen blir arrangert helga 20-21.mai. 

2016-11-03
Ove Leon LÃ¥stad
NM & UM i mangekamp omfattar følgjande klassar og øvingar:  gutar 15: 9-kamp, gutar 16 og 17:10-kamp, jenter 15, 16 og 17: 7-kamp, menn 18-19: 10-kamp, kvinner 18-19: 7-kamp, menn senior: 10-kamp, kvinner senior: 7-kamp, menn veteran 35-39 og vidare 5-årsklassar: 10-kamp, kvinner veteran 35-39 og vidare 5 årsklassar: 7-kamp.
IL Fri arrangerte også NM & UM i mangekamp på Arna idrettspark i 2012. Den gangen vart vår eigen Martin Roe norsk meister i seniorklassen. I sommar framheva Martin seg med ein flott 11.plass i mangekamp under EM i Amsterdam. På Arna idrettspark i mai vert det sikkert ein spennande duell mellom han og Lars Vikan Rise frå Nidelv IL, respektive nr.2 og nr.1 på Norgesstatistikken i 10-kamp i 2017.
For IL Fri er det svært viktig at Arna idrettspark forblir ein fullverdig friidrettsarena med naturgras på indre bane, slik at vi i framtida kan arrangere KM, UM, NM og andre større nasjonale stemne. Det kjem fleire milepælar som skal markerast med topp friidrett på Arna idrettspark i åra framover. I 2019 fyller IL Fri 90 år og i 2029 runder idrettslaget 100 år.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

04.12.2024
Frikarusell 3

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

05.02.2025
Frikarusell 4

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass

26.02.2025
Frikarusell 5

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass

19.03.2025
Frikarusell 6

19:00 - 20:05

Espeland idrettsplass