Banerekordar på Arna idrettspark

Banerekordane for menn og kvinner senior på Arna idrettspark er no oppdaterte. Det er sjeldan det blir arrangert slegge på idrettsparken, men i sommar fekk banerekordane i denne øvinga eit skikkeleg løft.

2016-11-10
Ove Leon LÃ¥stad

I 2016 blei det sett 4 nye banerekordar for menn (800m, 10000m, 200m hekk og slegge) og 2 for kvinner (5000m og slegge). Under det mykje omtala nasjonale kaststevnet 15.juni var det faktisk 4.gangen slegge stod på programmet sidan Arna idrettspark stod ferdig i 2010. Det som dessverre ikkje har kome fram i ettertid er at Beatrice Llano frå Laksevåg T&IL som kasta 4kg slegge heile 63,23m ein månad seinare vart den første norske verdsmeisteren i slegge for junior. Nr.2 i slegge på Arna idrettspark denne junikvelden, Trude Raad frå Gloppen FIL med 61,49m, blei like etter verdsmeister i slegge for døve. Så det var sleggekasting på høgt nivå som fann stad på indre bane. Dei oppdaterte banerekordane finner du her.

Det aller lengste sleggekastet på Arna idrettspark stod vår eigen Jørgen Olsen Austnes for i 2013 då han heiv 6kg slegga imponerande 67,97m. No tel ikkje det som banerekord, fordi den må vere utført med 7,26kg slegge. Banerekord noterte derimot Jørgen seg for den 15.juni då seniorslegga landa på soilde 56,68m. 

Ein annan kuriositet er at verdsmeister i kappgang, Trond Nymark frå T&IF og dobbelt OL-sølvvinnar, Kjersti Tysse Platzer frå Norna-Salhus, begge innhar banerekordar i kappgang på idrettsparken. Begge rekordane vart sett under eit kappgangstevne i 2011, der T&IF Viking var arrangør. 

DSC_0197.jpg

 Martin Roe set her banerekord på 100m under NM mangekamp i 2012. (foto: Andre L. Wik)

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

24.04.2025
Arna kastkarusell-1

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.05.2025
Askokarusellen-1

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

15.05.2025
Arna kastkarusell-2

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.06.2025
Arna kastkarusell-3

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

18.06.2025
Askokarusellen-2

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

16.07.2025
EM U23

08:00 - 23:55

Fana stadion

13.08.2025
Askokarusellen-3

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

21.08.2025
Arna kastkarusell-4 med innlagt lengde u.t. og tresteg u.t.

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

25.08.2025
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

17.09.2025
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

25.09.2025
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

04.10.2025
Sørfjorden halvmaraton

10:00 - 13:00

Garnes

29.10.2025
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass