Minneord Bjarne Nesse

Ein av friidrettsgruppa sine store eldsjelar, Bjarne Nesse,døydde 11.november nær 80 år gamal. Biletet viser Bjarne i teten og er henta frå boka ´IL Fri - fra 1929 til 1979´.

2016-11-18
Ove Leon LÃ¥stad

Bjarne var aktiv mellomdistanseløpar på 1950- og 60-talet. Han kan vise til habile personlege rekordar på 800m med 2:00.2 i 1959, 1500m med 4:09.0 i 1965 og 3000m med 9:10.8 sett i 1964. Han fekk også æra av å representere Norge i ein juniorlandskamp mot Danmark.
Bjarne var leiar i friidrettsgruppa i perioden 1965-67 og han gjorde også ein kjempe innsats som trenar, styremedlem, stevnearrangør og dommar til langt ut på 1980-talet. Han hadde også verv i Hordaland Friidrettskrets. 
Frå 1967 og i åra framover begynte det å skje store endringar i friidrettsgruppa i regi av trioen Bjarne, broren Torstein og Otto Hellegård. Saman gjorde dei eit kjempeløft for å få meir fart og satsing på friidretten i Arna. Mellom anna kom jentene med for fullt i friidrett og allereie så tidleg som i 1971 
gav dette resultat i form av at IL Fri fekk sin første kvinnelege deltakar på landslaget.

Vi lyser fred over Bjarne Nesse sitt minne.

IMG_0001.jpg

Foto: Bygdanytt (1981)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

24.04.2025
Arna kastkarusell-1

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.05.2025
Askokarusellen-1

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

15.05.2025
Arna kastkarusell-2

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.06.2025
Arna kastkarusell-3

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

18.06.2025
Askokarusellen-2

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

16.07.2025
EM U23

08:00 - 23:55

Fana stadion

13.08.2025
Askokarusellen-3

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

21.08.2025
Arna kastkarusell-4 med innlagt lengde u.t. og tresteg u.t.

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

25.08.2025
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

17.09.2025
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

25.09.2025
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

04.10.2025
Sørfjorden halvmaraton

10:00 - 13:00

Garnes

29.10.2025
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass