Faktafeil om friidrett på Arna idrettspark i Bygdanytt

Les innlegget her:

NB: Abonnentar på Bygdanytt kan lese innlegget ved å klikke på denne lenka: http://www.bygdanytt.no/meining/Faktafeil-om-friidrett-pa-Arna-idrettspark-558705.html.

2017-01-24
IL Fri

Herr redaktør!

Faktafeil om friidrett på Arna idrettspark

 

Eg viser til reportasje om kunstgras på Arna idrettspark 17. jan. og påfølgjande leiarartikkel  20.jan. som begge inneheld ei rekkje faktafeil.

 

1) <I juni hadde IL Fri for første gang sleggekast med i et stevne på banen.>

Feil: Slegge har blitt arrangert 4 gangar sidan opninga av anlegget i september 2010. Faktum så deltok 20 utøvarar i slegge under kretsmeisterskapet 7-8. september i 2013.  Under det omtalte kaststevnet 15.juni 2016 var det 14 sleggekastarar i aksjon.

Det som dessverre pressen ikkje har fortalt er at Beatrice Llano frå Laksevåg T&IL som kasta 4kg slegga heile 63,23m på idrettsparken 15.juni 2016 - ein månad seinare vart den første norske verdsmeisteren i slegge for junior. Nr.2 i slegge på Arna idrettspark denne junikvelden, Trude Raad frå Gloppen FIL med 61,49m, blei like etter verdsmeister i slegge for døve. Så det var sleggekasting på høgt nivå som fann stad på indre bane.

 

2) <Under torsdagens befaring ble det antatt at det ikke er mer enn fire stevner hvert år på Arna idrettspark, og det sannsynligvis bare dreier seg om ett eller to hvert år.>

Feil: I 2016 har IL Fri i alt avvikla 7 fullverdige friidrettsstevne med både løp, hopp og kastøvingar. I 6 av desse stevna var det lange kast. Utover dette kjem kaststevnet 15.juni.  Talet på 6-7 fullverdige stevne representer også gjennomsnittet for tidlegare år på Arna idrettspark. I tillegg har IL Fri sidan i perioden 2010-2016 arrangert 3 kretsmeisterskap (2 dagars helgestevne) og 1 Norgesmeisterskap (NM mangekamp 2012). Til opplysning blei IL Fri i fjor haust av Norges Friidrettsforbund tildelt NM mangekamp 2017 som skal gå av stabelen på Arna idrettspark 20-21.mai.

 

3) <Det er blitt en arena for de beste og dermed også de få.>

Feil: Arna idrettspark er ein arena for alle nivå og alle aldersklassar i friidrett.

Dei individuelle tevlingane på Arna idrettspark som samlar flest deltakarar er Skuleløpet og Arnaleikane som er eit tilbod til elevane ved barneskulane i Arna bydel.  Over 300 stilte til start i Skuleløpet i fjor. Størst er likevel Fristafetten som har over 500 løparar i aksjon.

Ta ein tur ein kveldsstund etter dei offisielle treningane er ferdige og ein vil oppleve at mange som ikkje er ein del av den organiserte idretten brukar løpebanen til å enten gå eller jogge, runde etter runde. Blir det fotball til alle døgnets tider vil nok denne gruppa ikkje bruke Arna idrettspark til mosjon.

For øvrig nyttar også skulane i Arna friidrettsanlegget til idrettsdagar.  I sommarferien kvar år tilbyr IL Fri friidrettskule for barn (50 var med i fjor) ei heil veke til endes.

 

4) <Den organiserte friidrettsaktiviteten på banen er ikke stor nok til å rettferdiggjøre en naturgressbane.>

Feil: Friidrettsaktiviteten er bra den, men den kan sikkert bli enda betre. Kvifor skal alle fotballespelarar trene på Arna idrettspark? På strekninga Espeland-Garnes er det i dag 3 ordentlege kunstgrasbaner. I tillegg finst det kunstgrasbane på Gaupås. Friidretten hadde ein gang 2 anlegg som kunne brukast til lange kast, det var Espeland idrettsplass og Arna stadion på Gaupås. Begge desse arenaene har fotballen overtatt og no vil dei også degradere Arna idrettspark som fullverdig friidrettsarena. Folketalet i Arna bydel skal jo også vekse i framtida og då bør det vere eit skikkeleg friidrettsanlegg i Bergen-aust.

 

5) Til slutt ein del fakta som Bygdanytt ikkje har skrive om i striden om naturgras kontra kunstgras:

- Multiconsult opplyser om at kostnadene ved masseutskiftningar for kastbane og kunstgrasbane er dei same. Dersom kastbanen skal kunne godkjennast som konkurransearena så er krava til grunnforhold like strenge som til ein kunstgrasbane. Ei kastbane vil også kreve tilnærma like mykje areal som ei kunstgrasbane.

 

- På Åstveit idrettsplass i Åsane vart ein fullverdig friidrettsarena bygd om til to kunstgrasbaner  for ein del år tilbake. Det blei lagt løpebaner rundt den eine fotballbana og gitt lovnader om at det skulle byggjast eit skikkeleg kastfelt. Dette klarte kommunen aldri å få til og no er mesteparten av det tiltenkte arealet brukt til andre føremål.

 

- I tilknytning til fotballanlegget på Garnes eksisterte det før ei tennisbane. Her blei det lagt kunstgras utan å konferere med brukarane om det gjekk an å spele tennis på eit slikt underlag. No vert arealet brukt til fotball, medan tennisfolket har ingen bane i nærmiljøet til å utøve sin sport.

 

- Kommunen har som kjent ikkje pengar til ei kastbane på Arna idrettspark og Trond Mohn vil neppe betale for den. Derfor vil det sannsynlegvis aldri kome nokon kastbane. Dessutan vil det ved bytting frå naturgras til kunstgras vere stor risiko for at gravemaskinar og lastebilar vil påføre løpebanen monalege skader som gjer at det ikkje kan arrangerast løp på Arna idrettspark på lang tid.   

 

Konklusjon:

Det beste vil vere å la naturgraset liggje og heller be Trond Mohn om å investere i ei ny kunstgrasbane i myrområdet bak klubbhuset. På den måten slepp kommunen å bruke pengar på kastbane. Det må jo bli ein flott gulrot for unge fotballspelarar å kunne trene på ei kunstgrasbane der og vite at ein dag når eg vert stor og kjem på A-laget så skal eg spele kampane på naturgraset ved sidan av. Då vil Arna idrettspark leve opp til statusen som sentralidrettsanlegg.

 

beste helsing

Ove Leon Låstad

arrangementsansvarleg

IL Fri - friidrett

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

04.12.2024
Frikarusell 3

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

05.02.2025
Frikarusell 4

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass

26.02.2025
Frikarusell 5

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass

19.03.2025
Frikarusell 6

19:00 - 20:05

Espeland idrettsplass