NM & UM mangekamp 20-21.mai
20-21.mai skal det vere NM & UM mangekamp på Arna idrettspark. Vi har i dag fått 2 avklaringar frå friidrettsforbundet.
I informasjonen om øvingsutvalget for dei ulike klassane har vi forholdt oss til reglement og retningslinjer frå forbundet. I dag har forbundet kunngjort at G16 år skal ha følgjande øvingar: 100m hekk (91,4), Diskos (1,5), Stav, Spyd (0,7), 300m, 100m, Lengde, Kule (5), Høgde, 1000m. For G17 år er det ingen endringar.
Frå veteranutvalget har fått vi tilsendt nytt reglement og retningslinjer for 2017. Her står det at startkontingenten for veteranklassane skal vere kr.400,- og ikkje kr.500,-. Dette er no retta opp i Sportsadmin/Min idrett.
Dommar- og funksjonærinnkalling er sendt ut og vi forventar ein del forfall. Dersom du ikkje har fått epost om å hjelpe til, men likevel vil bidra, kan du sende ein epost om kva for dag som passar best for deg til: nm2017@il-fri.no
beste helsing
arrangementskomiteen
Ove Leon Låstad, Brit Ingrid Birketveit, Marit Austnes, Johnny Isaksen, Haldor Trengereid og Ingunn Gatland Jacobsen