Skuleløpet - Friidrettens dag på Arna idrettspark 6.sep.
Onsdag 6.sep. arrangerer vi Skuleløpet - Friidrettens dag på Arna idrettspark for elevar i grunnskulen i Arna bydel. I år introduserer vi eit nytt konsept med 3 øvingar for dei aller yngste, men for dei eldste vert det framleis den tradisjonelle 200m.
Skuleløpet - Friidrettens dag
Friidrettsgruppa i IL Fri inviterer med dette til
Skuleløpet - Friidrettens dag for alle skulane i Arna bydel på
Arna idrettpark onsdag 6.september med start frå kl. 17:30
- Påmelding og utdeling av startnummer løpsdagen frå kl. 17:00 og utover
- Startkontingent kr.50 for 1-10.klasse. NB: Vi tar både kontantar og Vipps
- Altså ingen påmelding eller betaling til skulen. Elevane og føresette ordnar med påmelding sjølve.
- Alle frå 1-10. klasse som fullfører får medalje, saft og kakemann
Klassar og øvingar:
Jenter og gutar 1-5. klasse, 60m-lengde-liten ball
Jenter og gutar 6-7. klasse, 60m-lengde-liten ball eller kun 200m
Jenter og gutar 8-10. klasse, kun 200m
- Etter 60m går ein direkte til lengde og deretter til liten ball.
Alle får 1 prøvehopp/kast (blir ikkje målt) og 2 forsøk som blir målt.
Resultata blir notert på startnummeret. - Det er ikkje lov å bruka piggsko for 1-7.klasse
Tidsskjema med ca. starttider for 60m:
17:30 1.klasse ,
17:50 2.klasse,
18:10 3.klasse,
18:30 4.klasse,
19:00 5.klasse,
19:15 6.klasse,
19:30 7.klasse
Tidsskjema med ca. starttider for 200m:
19:50 6.klasse,
20:00 7.klasse,
20:10 8-10.klasse
Innlagt seriestevne for junior-senior og veteran (ca. starttider)
20:30 200m
20:45 3000m
21:00 1500m
21:10 800m
PÅMELDING løpsdagen seinast 15 min. før oppgitt starttid for skule-elevane.
For junior-senior-veteran er det påmelding seinast 30 minutt før øvinga startar. Startkontingent kr.60,-
Reportasje kjem på www.il-fri.no og i Bygdanytt.
Vel møtt til det 36. Skuleløpet - Friidrettens dag på Arna Idrettspark 6. september