Stein Fossen 50 år

I dag 3.nov. fyller Stein Fossen 50 år. Allereie i 1993 melde han seg inn i IL Fri, slik at han kan også feire 25 års medlemskap i klubben. 

2018-11-03
Ove Leon LÃ¥stad

Foto%20Stein%20Fossen.jpg

Han er ein av dei verkeleg store eldsjelane i norsk friidrett som bidrar på mange område, det vere seg som dommar, funksjonær, tidtakar, speaker, stemneorganisator, skribent, statistikar og utøvar. I tillegg innehar han ulike verv både på klubb-, krets- og forbundsplan.

Men først og fremst markerer Stein seg som ein svært kunnskapsrik person når det gjeld statistikk, rekordar, seriar, poengsummar, meisterskapsmerittar og resultat forøvrig. Det er vel ingen som kjenner Hordalandsfriidretten betre enn han. 

Stein har gjort ein fantastisk jobb med å utarbeide årsstatistikkar, alle tiders beste statistikkar og rekordlister for IL Fri, Hordaland Friidrettskrets og Norges Friidrettsforbund. Heile aldersspekteret held Stein orden på frå rekruttar til aldersbestemte klassar for gutar og jenter, samt junior, senior og veteran.

Sidan 1989 har Stein vore leiar av serie- og statistikkutvalet i Hordaland Friidrettskrets. Det må vel vere ein aller så liten kretsrekord i antal samanhengjande år som utvalsleiar.

På alle store friidrettsarrangement i Bergen & omegn kan du rekne med å høyre stemma til Stein. Med sitt glødande engasjement og utrulege minnekapasitet om tider, lengder og høgder held han utøvarar, trenarar, arrangørstab og publikum oppdaterte på alt som skjer på indre bane i løp, hopp og kast. 

Vi er umåteleg imponerte over den innsatsen han legg ned for friidretten.

Gratulerer med dagen Stein frå alle oss i IL Fri!

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

24.04.2025
Arna kastkarusell-1

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.05.2025
Askokarusellen-1

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

15.05.2025
Arna kastkarusell-2

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.06.2025
Arna kastkarusell-3

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

18.06.2025
Askokarusellen-2

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

16.07.2025
EM U23

08:00 - 23:55

Fana stadion

13.08.2025
Askokarusellen-3

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

21.08.2025
Arna kastkarusell-4 med innlagt lengde u.t. og tresteg u.t.

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

25.08.2025
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

17.09.2025
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

25.09.2025
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

04.10.2025
Sørfjorden halvmaraton

10:00 - 13:00

Garnes

29.10.2025
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass