Arnaløpet 2019
Velkommen til det 36. Arnaløpet
MÅNDAG 26. AUGUST, Espeland idrettsplass
Løpet for alle, små og store!
Kort løype 3,4 km - lang løype 8,8 km
Informasjon
Me oppmodar alle å melda seg på i god tid løpsdagen og at alle må skjøl melde seg på via påmeldingslinken.
NB1: Nettpåmelding stenger kl. 18:30 løpsdagen 26.august.
NB2: Kun henting av startnummer mellom 18:30 og 19:30 løpsdagen
NB3: Skal ein delta i begge løypene må ein melde seg på i begge løypene og bruke 2 ulike startnummer.
Startkontingent ved førehandspåmelding fram til og med 22.august:
Enkeltpersonar kr. 170,- (+lisens*)
Famile kr. 600,- (+ lisens*)
(Over 5 deltakarar kr. 150,- pr. person +lisens*)
Startkontingent etterpåmelding 23. - 26. august kl. 18:30 (ingen påmelding etter dette)
Enkeltpersonar kr. 220,- (+ lisens*)
Famile kr. 650,- (+lisens*)
(Over 5 deltakarar, kr. 200,- pr. person +lisens*)
*Alle påmeldte f.o.m 13 år t.o.m 79 år, som ikkje har heilårslisens, må betale kr 30 i lisens til NFIF. Denne kjem i tillegg til startkontingenten. Born under 13 år og veteranar over 79 år betalar ikkje lisens.
Har du problem med å melda deg på? Send ein SMS til 95101781 med navn, fødselsår og mailadresse så vil vi hjelpa deg.
Program løpsdagen
16:00 Henting av startnummer. Etterpåmelding gjer deltakarane skjøl på (www.il-fri.no)
18:00 Musikken spillar og mingling på idrettsplassen
18:25 Velkommen
18:40 Oppvarming med ATS
18:50 Deltakarane går mot start kort løype
19:00 Start kort løype
19:15 Premieutdeling for dei beste kvinner og menn - kort løype
19:30 Start lang løype
19:45 Mingling og premiar på startnummer.
20:10 Premieutdeling for dei beste kvinner og menn - lang løype
Startar
Sandra Hauge, Asko Vest.
Speaker
Er også i år Torstein Nesse.
Kiosk
Det blir kiosk med sal av vaflar, kaffi, kaker, etc.
Premiering
Plakett for 5. - 10. - 15. - 20. - 25. - 30. og 35. gongs løp.
Medalje til alle andre + born.
Pengepremiar
Kr. 1000,- til vinnarar i klassen kvinner/menn, begge distansar
Kr. 750,- til nr. 2 i klassen kvinner/menn, begge distansar
Kr. 500,- til nr. 3 i klassen kvinner/menn, begge distansar
Gåvepremiar blir trekte på startnummeret
Når du har kome i mål kan du sjekke kva for startnummer som gir gåvepremiar. Dette blir annonsert ved oppslag på Espeland idrettsplass.
Henting av startnummer (og etterpåmelding for dei som ikkje har benytta seg av nettpåmelding):
Øyrane Torg v/ REMA 1000 og Sarepta Blomster
-
Fredag 23. august, kl. 14.00-19.00
-
Laurdag 24. august, kl. 10.00-15.00
Espelandshallen
-
Sundag 25. august kl. 19:00 (før funksjonærløpet)
-
Måndag 26. august, kl. 16:00-19:30
Funksjonærløp
-
Sundag 25. august kl. 19:30 (manuell tidtaking)
Parkering/kryssing jernbanesporet
Parkering på Lone skule, opp mot Moldalia eller ned mot Janus. Ikkje parker langs løypa. Det er vaktar som vil hjelpa til med å visa kvar du kan parkera. Det er ikkje lov å varme opp eller opphalde seg tett opp til jernbanelinja. All kryssing skal skje på lovelege overgangar. OBS! Det kan passere tog også i tidsrommet då løpet er i gang. Følg instruksar frå løypevakter!