Minneord Nils Langhelle
Ein av IL Fri sine store eldsjelar gjennom fleire tiår, Nils Langhelle, døydde 26.mars. Han hadde fylt 81 år 25.april.
Foto: Vidar Langeland, Bergensavisen (2010)
Nils engasjerte seg i friidrettsgruppa allereie på slutten av 70-talet, først og fremst på arrangements- og dugnadsfronten der han var aktiv fram til 2015.
I 1983 blei han autorisert som kretsdommar og i 1995 som forbundsdommar. Nils spesialiserte seg i kastøvingane og på Fri sine nasjonale stevne var det han som hadde ansvaret for kast. Nils markerte seg som ein viktig bidragsytar i organiseringa av Arnaløpet, Frikarusellen og Fristafetten, men også i klubben sine øvrige arrangement. Han har også vore leiar i friidrettsgruppa (1998), nestleiar i (1999) og arrangementsansvarleg i fleire år.
Mange av friidrettsgruppa sine medlemmar har gode minne frå dei årlege medlemskveldane i kantina på Arna Bruk, der Nils var sentral både i planlegginga og gjennomføringa. I tillegg skaffa han friidrettsgruppa mange gode dugnadsoppdrag på Arna Bruk.
Nils var ein ja-mann som aldri sa nei til å hjelpe til.
Vi lyser fred over hans minne.