Fristafetten er avlyst
Styret i friidrettsgruppa avgjorde i eit møte 15.mars å avlyse Fristafetten. Arrangementet skulle eigentleg gå av stabelen 14-15.april. Usikkerheit rundt smittevern, organiseringa av smitteverntiltak, ekstra behov for vaktar og funksjonærar, fysisk stenging av Arna idrettspark, forbod mot foreldre inne på stadion og potensiell smitteoppblomstring etter påske er grunngjevingane for vedtaket.
2021-03-16