Arrangement 2023
Nytt i 2023 er Friidrettsforbundet sitt terminlistesystem og påmeldingsopplegg for banestevne- og innandørsarrangement, iSonen. Det som er viktig er at du må enten ha betalt forbundet sin heilårslisens eller så må du kjøpe eingangslisens for å kunne melde deg på. I tillegg må du vere medlem av eit idrettslag som er tilslutta Norges Friidrettsforbund.
Det er krav om lisens, frå det året du fyller 13 år og til og med det året du fyller 80 år, for å delta i alle arrangement i regi av idrettslag tilslutta Norges Friidrettsforbund. Fram til 13 årsalder er barn forsikra gjennom idrettens barneforsikring.
Meir info om lisens finn du her: https://www.friidrett.no/lop-utenfor-bane/lisens/
Her ser du oversikt over Fri sine banestevne- og innandørsarrangement i 2023:
https://isonen.no/finder/?startDate=1.1.2023&club=fri+il&sfName=friidrett®ionName=Hordaland&type=EVENT_OFFICIAL&open=true&offset=0
Arrangementa vil snart bli publiserte i aktivitetskalendaren på nettsida vår.