Kven har vunne Fristafetten flest gangar?
Det nærmar seg for den 40. Fristafetten og då kan vi for første gang presentere klubbstatistikk over kven som har flest klassesigrar totalt frå 1983 til 2023.
Totalt har Fri og BFG-Fana like mange klassesigrar når ein summerer uansett klasse, nemleg 66 kvar. No vil aldri BFG-Fana gå forbi Fri, sidan den gamle paraply-klubben for Bjarg, Fana og Gneist kun eksisterte fram til og med 2012. Etter det opphøyrte samarbeidsmodellen og ein ny klubb vart stifta ned namnet BFG-Bergen. Gular er på 3.plass med 59 klassesigrar og deretter kjem Gneist med 50. Oversikt over vinnarane i kvar klasse frå 1983 til 2023 kan du sjå her: https://www.il-fri.no/IL-Fri/Arrangementer-sidemeny/Fristafetten/--Tidlegare-klassevinnarar.html
PS. Fristafetten vart avlyst i 2020 og 2021 pga pandemien. Derfor blir det den 40. stafetten i 2024.
Fotoet er lånt frå Kondis sitt arkiv og viser frå den lange etappen i veteranklassen under 30-årsjubileumet på Espeland i 2012. Kjell Raa, BFG-Fana leiar føre Johannes Gjesdal, Varegg og bak kjem Brigt Strømmen, Fri.
Oversikt flest antal klassesigrar for lag tilslutta Norges Friidrettsforbund:
Ant. | Klubb |
66 | Fri |
66 | BFG-Fana |
59 | Gular |
50 | Gneist |
33 | Norna-Salhus |
32 | Ask |
24 | Osterøy |
15 | AKS-77 |
12 | Bergens Turn |
12 | Varegg |
9 | Eidsvåg |
8 | Hovding |
5 | Laksevåg |
4 | Fana |
4 | Loddefjord |
4 | BFG-Bergen |
4 | Bjarg |
4 | Viking |
2 | Mjøsdalen |
1 | Os |
1 | Austevoll |
I bedriftsklassane er Haukeland Sykehus klart best med 44 klassesigrar:
Ant. | Bedrift |
44 | Haukeland Sykehus |
22 | Bergen Politi |
18 | Bergenslærerne |
8 | Telesport |
4 | Den Norske Bank |
3 | Bergen Brannkorps |
3 | Posten |
2 | Bergen kommune team Lone |
1 | Statoil |
1 | Rådhuset |
1 | Skattevesenet |
1 | Asko Vest |
1 | Smedvig |