Sørfjorden halvmaraton med rekorddeltaking
Det blei ny rekord oppslutning for Sørfjorden halvmaraton med 576 som starta og av desse var det berre 7 som ikkje fullførte.
Etter nokre fine haustdagar denne uka så kom regnet i dag, men temperaturen var ideel for halvmaratonløp. Mange blide fjes etter målpassering og god stemning blant heiande publikum ute i løypa gjorde sitt til at deltakarane fekk ei god oppleving.
Lenke til resultatliste i Eqtiming: https://live.eqtiming.com/69832#result:267746-1-1272282-1-1-
Vår filmfotograf Torgils Fossen har lagt ut video frå målgangen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=IYgbdfxJSKI
Årets Sørfjorden halvmaraton var det 5. løpet i rekkja.
Trygve Fedje Mjelde, Osterøy debuterte på distansen og sikra seg sigeren blant herrane med 1:08.05.
Deretter følgde Karl Jonas Tronstad, Varegg med 1:08.31 og Markus Loftås, Osterøy med 1:09.11.
Beste Fri-løpar var Espen Borge Joensen på 10.plass med 1:13.35.
Line Rivedal, Varegg, vinnar av dameklassen.
Her er litt statistikk:
År | Ant. deltakarar totalt | Ant. menn | Ant. kvinner | Prosentdel kvinner | Vinnartid menn | Vinnartid kvinner |
2024 | 576 | 421 | 155 | 27% | 1:08.05 | 1:19.13 |
2023 | 376 | 296 | 80 | 21% | 1:06.20 rekord | 1:18.45 rekord |
2022 | 305 | 240 | 65 | 21% | 1:09.20 | 1.21.45 |
2021 | 301 | 224 | 77 | 24% | 1:08.40 | 1:19.20 |
2020 | 176 | 136 | 40 | 23% | 1:07.33 | 1:19.22 |
PS. Den bussen som aldri kom og resulterte i at starten vart utsett i 3 minutt skuldast ikkje nye ruter. Linje 910 med avgang frå Arna stasjon kl. 10:18 laurdagar køyrer normalt om Garnes og vidare til Osterøy, men dei som har Skyssappen fann ut at det stod melding om at denne bussen køyrde Arnanipatunnelen pga arrangement.
Vel møtt igjen til Sørfjorden halvmaraton laurdag 4.oktober 2025.