Nyheter
Det var svært god oppslutning om Askokarusellen 8.juli med 135 startar. Vi har arrangert seriestevne/karusellstevne sidan Arna idrettspark blei åpna i 2010 og den gamle rekorden var 125 startar frå 2012. Denne gangen hadde vi ingen hoppøvingar, men fyldig deltaking på 1500m og 5000m med heile 3 heat. Det har aldri skjedd før at vi har hatt meir ein eitt heat på 5000m.
I tillegg blei det sett 2 nye banerekordar på 100m for menn og 5000m for kvinner.
Resultatliste er no publisert. PS: Det var mange som ikkje hadde gyldig lisens. Derfor må alle som ikkje har løyst lisens gjere dette snarast, elles vil Norges Friidrettsforbund stryke resultata frå offisiell statistikk.
Påmeldingsfristen gjekk ut ved midnatt og det er registrert i alt 129 startar.
Dei mest populære øvingane er 1500m og 5000m med respektive 36 og 37 påmelde. Det inneber 3 heat både på 1500m og 5000m, noko som igjen medfører at 300m og 400m startar ca. 35 minutt seinare enn oppgitt starttid.
Sesongens første kaststevne på Skansemyren, tirsdag 30.06.20, fikk god deltakelse, med til sammen 30 starter på de tre øvelsene slegge, kule og spyd. Resultatlisten er linket opp nedenfor (Klikk på "les mer"). Neste stevne på Skansemyren blir tirsdag 14.07 (se under "aktiviteter" til høyre, for mer info), og da satser vi på mer "sommerlige" forhold.
Tirsdag 30.06.20 er det klart for årets første kaststevne på Skansemyren. Vi starter kl. 18:00 med slegge og deretter blir det kule og så spyd. Påmelding på mail til Stein.Fossen@nhh.no, senest mandag 29.06.
Påmelding er åpna i Sportsadmin/Min Idrett for Askokarusellen på Arna idrettspark onsdag 8.juli. Det blir 200m hekk som første øving for 14 år og eldre. Som nye tilleggsøvingar vert det kule for 13-14 år, samt 300m for 14-19 år + senior. NB: tidsskjema er oppdatert.
Vår videofotograf Torgils Fossen har publisert denne filmen frå Askokarusellen 17.juni:
Komplett resultatliste følgjer (trykk på les mer)
10. til 13. august på Arna Idrettspark.
Dagene er fra 09.00-14.00 på Arna Idrettspark, fylt med spennende fysisk utfoldelse preget av lek, moro og mestring på barnas premisser. Alle deltagere får en flott teknisk t-skjorte!
Priser og påmelding: Kr. 800 per deltager. Påmeldingsfristen har gått ut.
Påmelding gjøres på www.deltager.no
Årets første stevne på Arna idrettspark blir Askokarusellen 17.juni. Arrangementet blir gjennomført i samsvar ved Norges Friidrettsforbund sine retningslinjer for konkurransar under korona-situasjonen. Påmelding er åpna i Sportsadmin/Min idrett. NB: Det blir ingen manuell påmelding stevnedagen.
ArnaløpUken 2020 - løp når du vil!
Gjennomfør lang og/eller kort løype 24 - 31. august.
Du velger selv dag og tidspunkt.
Påmelding: https://live.eqtiming.com/53733#dashboard
Denne helga skulle Holmenkollstafetten gått av stabelen. IL Fri har ei lang historie i denne stafetten, sjølv om det er nokre år sidan sist vi var med. I år er det 40 år sidan herrelaget rykka opp i eliteklassen for første gang og 20 år sidan det skjedde for andre gang. I 2021 er det stor sannsynlegheit for at Fri igjen er på startstreken i det som mange kallar for vårens vakraste eventyr. Vi lanserer også ein adelskalendar for perioden 1977-2007.
Det er aukande interesse for å arrangere halvmaratonløp i NM-traseen frå 1989 og 1992. Løypa den gangen hadde start og mål ved butikken på Garnes (like ovanfor gamle Garnes stasjon) og følgde gamlevegen til vending ved tunnelen på Risnes. Med sin flate løypeprofil blei det oppnådd mange gode tider. I 1989 sprang heile 50 løparar under 1 time og 10 minutt.
Nye rettningslinjer åpner for at flere kan trene sammen
Friidrettsgruppa har tradisjon for å reise på treningsleir i påsken, men slik blei det ikkje i 2020. Då får vi heller mimre litt tilbake til Haugesund i påsken 1984.