Fristafetten

Fristafetten blei første gang arrangert på Espeland 5.september i 1983, men frå og med 1984 vart det ein vårstafett. Otto Hellegård var initiativtakar til stafetten som hadde start og mål på Espeland idrettsplass og der uteetappane gjekk i området mellom Lone og Janusfabrikken. Det er tradisjon at Fristafetten innleiar stafettsesongen for friidrettsfolket i Hordaland Friidrettskrets. 

I 1986 gjekk kvinneklassane over til å nytte same løypetrase som herrane, medan i 1987 var den einaste gongen at stafetten ikkje kunne ha start og mål på Espeland idrettsplass grunna store snømengder. I 1988 vart løypetraseen justert, fordi det kom ny veg på baksida av Espelandshallen.

I og med at løpebana forsvann i samband med ombygging til kunstgrasbane på Espeland, vart stafetten flytta frå Espeland til Arna idrettspark i 2015. Det første året på Arna idrettspark gjekk uteetappane i området Stølsvegen - Vollavegen - Gotevollen, men det gav ein litt uoversiktleg stafett for publikum og løparar, samt at mange klagde på den lange nedoverbakken tilbake til idrettsparken. Derfor fekk vi på plass ein meir komprimert løypetrase i 2016. Denne bydde på ein del krappe svingar der ein kryssa Indre Arnavegen og jernbanelinja for veterantoget, men med flate etappar og gode muligheitar for alle til å følgje utviklinga i stafetten. 

Ved flyttinga til Arna idrettspark vart forøvrig etappane for jenter og gutar reduserte frå 8 til 6.

På Espeland låg deltakinga på oppunder 100 lag, medan ved flyttinga til Arna idrettspark noterte vi oss for deltakarrekord i 2015 med 121 lag.

I 2019 blei det innført automatiske etappetider for alle klassar med unntak av rekrutt miks.

På grunn av korona-pandemien vart stafetten avlyst i 2020 og 2021. Sommaren 2019 vart naturgraset på indre bane erstatta av kunstgras i form av granulat. Som erstatning for dette har Bergen kommune bygd eit eige kastfelt og ny bydelspark som stod ferdig hausten 2021. Bergen kommune har gitt oss lov til å leggje nye løypetrasear i ytterkant av kastfeltet og på grusvegen gjennom den nye bydelsparken. Dermed slepp vi å krysse Indre Arna vegen og jernbanelinja. 2022 var første gangen for dei nye løypetraseane for gutar og jenter, samt menn og kvinner. 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

18.04.2024
Inspirasjonsturne med HFIK og Trond Mohn Games

18:00 - 20:00

Øyrane Torg

25.04.2024
Arna kastkarusell-1

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

20.05.2024
Askokarusellen-1

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

23.05.2024
Arna kastkarusell-2

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.06.2024
Askokarusellen-2

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

20.06.2024
Arna kastkarusell-3

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

03.07.2024
Askokarusellen-3

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

15.08.2024
Arna kastkarusell-4

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

19.08.2024
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.08.2024
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

04.09.2024
Arnaleikane - Friidrettens dag

18:00 - 20:30

Arna idrettspark

16.09.2024
Askokarusellen-5

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.09.2024
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

05.10.2024
Sørfjorden halvmaraton

10:30 - 13:00

Garnes

23.10.2024
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass