IL Fri
2022-02-23 09:18:25
Fristafetten: Klasseinndeling og reglar 2024
KLASSAR MED 4 ETAPPAR (150-150-150-150) - Alle etappane går inne på stadion
- Rekrutt miks 6-10 år (fødd i 2014-2018): samla alder 40 år, minimum 1 jente på laget
I. Rekruttar som er 9 år og yngre (fødd i 2015-2018) kan kun delta i rekrutt miks.
II. Rekruttklassen blir delt opp i fleire heat.
KLASSAR MED 6 ETAPPAR (400-200-500-570-450-200):
- Jenter 11-14 år (fødd i 2010-2013): samla alder 75 år.
- Gutar 11-14 år (fødd i 2010-2013): samla alder 75 år.
- Miks 11-14 år (fødd i 2010-2013): samla alder 75 år, minst 3 jenter på laget.
- Miks 11-17 år (fødd i 2007-2013): samla alder 84 år, minst 3 jenter på laget.
I. Ein 10-åring (fødd i 2014) kan enten delta i jente- eller guteklassen, eller miks, men hen tel som 11-åring i forhold til samla alder.
II. Ein 11-14 åring (fødd i 2010-2013) kan først løpe i jente- eller guteklassen og deretter i miks.
III. 1., 2. og 6. etappe går inne på stadion. Her kan ein bruke piggsko. NB: fast dekke. Øvrige etappar går på asfalt, gras og grusveg.
KLASSAR MED 6 ETAPPAR (600-300-1170-1480-820-200):
- Kvinner junior U23, 15-22 år (fødd i 2002-2009)
- Kvinner senior (fødd i 2009 og tidlegare)
- Kvinner veteran 35+ (fødd 1989 og tidlegare)
- Kvinner superveteran 45+ (fødd 1979 og tidlegare)
- Kvinner superveteran 60+ (fødd 1964 og tidlegare)
- Menn junior U23, 15-22 år (fødd i 2002-2009)
- Menn senior (fødd i 2009 og tidlegare)
- Menn veteran 35+ (fødd 1989 og tidlegare)
- Menn superveteran 45+ (fødd 1979 og tidlegare)
- Menn superveteran 60+ (fødd 1964 og tidlegare)
- Menn bedrift og kvinner bedrift (krav: deltakarane må vere tilsette i bedriften eller i eit anna selskap i same konsern. Aktive under 30 år som konkurrerer i friidrett for lag tilslutta Norges Friidrettsforbund kan representere bedriften dei er tilsette i)
I. Ein 15-17 åring (fødd i 2007-2009) kan delta i både miks 11-17 år, junior U23 og senior.
II. Ein som er 14 år eller yngre (fødd i 2010 eller seinare) kan ikkje delta i junior U23- eller seniorklassen.
III. 1., 2. og 6. etappe går inne på stadion. Her kan ein bruke piggsko. NB: fast dekke. Øvrige etappar går på asfalt, gras og grusveg.
GENERELLE REGLAR:
- ein løpar kan ikkje springe to etappar på same lag i same klasse.
- ein løpar kan ikkje springe ein etappe på eitt lag og ein annan etappe for eit anna lag i same klasse (einaste unntaket er rekrutt miks)